Nettverk og samhandling med næringslivet

USN ønskjer å etablere samarbeidsplattformer gjennom partnarskap, slik at studentar, forskarar og tilsette i bedrifter kan bruke fasilitetar og ekspertise i bedrifter og på universitetet.


Partnarskapen skal dra vekslar på klyngeprogram (FORREGION, ARENA, NCE; GCE, SFI, FME, SFF mv.), infrastrukturprogram, nasjonale og internasjonale forskingsprogram og nasjonale forskarskolar. Gjennom USN Partnarskap har universitetet ambisjon om å auke talet på samarbeidspartnarar/bedrifter, utdanningsprogram og FoUI-ekspertar gradvis gjennom avtaleperioden.

FORREGION pilar 1 - Mobilisering til forsking

Mobiliseringsprosjektet skal hjelpe til med den omstillinga som trengst, og med å få til auka verdiskaping i næringslivet. Vi skal oppnå dette målet gjennom effektiv organisering, ved å bruke utprøvde verktøy og metodar frå VRI, og gjennom styrkt samhandling innan verkemiddelapparatet.

Satsingsområda:

  • Prosess- og teknologiutvikling innan miljø (derunder mikro-, nanoteknologi og elektronikk, vatnrensing og maritim næring).
  • Grøn forsking (landbruk)
  • Film, spel og medieteknologi

For meir informasjon om prosjektet sjå vestfold.forregion.no.

FORREGION pilar 2 Kapasitetsløft AUTOSTRIP

«Autonome System innan Transport og Industrielle Prosessar»

Etter fleire dialogmøte med næringslivet prioriterer prosjektet fem område: Datatryggleik i autonome system, Maskinlære og smarte sensorar, Logistikk og multimodale operasjonar, Menneskelege aspekt i autonome system og Forretningsmodellutvikling og -innovasjon. Dette er område som i dag heilt eller delvis vert dekte av universitets doktorgradsutdanningar og forskargrupper, men der det trengst kapasitetsløft for å møte behovet i bedriftene.

Hovudmålet med prosjektet er at det skal bli etablert fleire bedrifter, fleire arbeidsplassar og auka FoU-aktivitet i næringslivet gjennom styrkt samarbeid med akademia om å utvikle og ta i bruk autonome system innanfor transport og industrielle prosessar.

Gjennom verkemiddel som til dømes FoUI-ekspertar, gåveprofessorat, næringsmasterar og nærings-ph.d. er målet å auke forskings- og innovasjonskapasiteten i næringslivet. Kapasitetsløftet vil bli knytt nært opp mot regionen og fylka sine satsingsområde, verkemiddel og aktivitetar. Kapasitetsløftet skaper dermed eit forskingsbasert og eksperimentelt lærande system for auka verdiskaping i regionen.

Kompetanseområde:

kompetanseområder forregion pilar 2. illustrasjon.

Hovudmål:

Fleire bedrifter, fleire arbeidsplassar og større FoU-aktivitet i etablert næringsliv gjennom styrkt samarbeid med akademia om utvikling og bruk av autonome system innanfor produksjon og transport.

Delmål:

  1. Styrkje FoU-kapasiteten ved USN og kvaliteten innan kompetanseområde som medverkar til auka FoU-aktivitet i næringslivet.
  2. Auke talet på kandidatar med digitalisering, autonomi og entreprenørskapskompetanse.
  3. Styrkje bedriftenes kapasitet og evne til å ta i bruk autonome system og kompetanse.
  4. Betre synleggjering av og dialog om tilgjengeleg kompetanse og om potensialet som ligg i tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid.

Pågåande utviklingsprosjekt:

Klynge: SAMS - Sustainable Autonomous Mobility Systems

Klyngeprosjektet SAMS skal utløyse samarbeid om, og leggje grunnlag for nye norske forretningsmoglegheiter, på området autonom mobilitet.

Målet er at norske aktørar tar ein vesentleg del av den forventa verdiskapinga som ein reknar med vil kome på dette nye området. Klyngeprosjektet skal medverke til at potensielle aktørar er tidleg ute, lukkast med ei betydeleg omstilling frå dagens oljeavhengige økonomi og leverer radikale innovasjonar til ein global marknad.

Status: Klynga blei etablert i april 2018. USN er ein av fleire stiftarar av klynga og har ein posisjon i styringsgruppa.