FoUI-ekspertar

Vi tilset ekspertar frå regional industri som skal jobbe med forsking, utvikling og innovasjon (FoUI) ved institusjonen vår.


USN ønskjer å prioritere ei ytterlegare satsing på FoUI-aktivitet i samarbeid med næringslivet i regionen. Vi har derfor tatt initiativ til dette prosjektet, som har til føremål å tilsetje 12 ekspertar frå regional industri i deltidsstillingar som «FoUI-ekspertar» ved institusjonen vår.

Stillingane er deltid (20 prosent), og det er viktigare med god industriell forståing og kjennskap til eiga bedrift enn akademisk bakgrunn og utdanning.

I næringsklyngene

USN har i lengre tid jobba strategisk med interne prioriteringar og eksterne samhandlingar, slik at universitetet per i dag er ein viktig kunnskapsaktør for mellom anna Kongsberg Innovasjon NCE-MNT, SFI «Ultralyd» og sentrale næringsklynger i regionen. Innsatsområda i prosjektet er derfor i første omgang konsentrerte rundt etablerte næringsklynger.

Målsetjing

Prosjektet skal auke talet på etablerte forskingsprosjekt mellom næringslivet i regionen og USN.

Porteføljen av forskingsprosjekt der regionalt næringsliv samarbeider med USN, skal doblast innan 2022. Prosjektet har også som delmål å etablere fleire FoUI-prosjekt mellom bedrifter og USN, og å utvikle USN vidare som forskings- og utdanningsaktør gjennom dette samarbeidet.

Prosjektet

For å etablere industrinære prosjekt der tema og forskingsområde er fokuserte rundt reelle og aktuelle problemstillingar, er det viktig å ha god kjennskap til verksemda og dei strategiske prioriteringane i bedriftene.

For å lukkast med dette, er det sentralt at kompetansemeklinga vert initiert av bedrifta sjølv, og at USN som ein forskingspartnar stør opp rundt søknad og etablering av prosjekt og medverkar som partnar i gjennomføringa.

Forsking og høgare utdanning 2015-2024

Regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning for perioden 2015–2024 stakar ut kursen for politikken dei neste ti åra. Planen har som overordna mål å styrkje Noregs konkurransekraft og innovasjonsevne, løyse store samfunnsutfordringar og utvikle framifrå fagmiljø. Planen slår fast at dei offentlege løyvingane til forsking og utviklingsarbeid skal trappast opp i perioden.

Regjeringa har ei klar forventning om at norske fagmiljø tar aktivt del i samarbeidet, og at dei på nokre område er i front på den europeiske konkurransearenaen. Målet til regjeringa er at norske fagmiljø skal sikre seg to prosent av alle pengane som Horisont 2020 lyser ut. Da må omfanget på norsk FoUI-aktivitet auke monaleg. Derfor ønskjer regjeringa å trappe opp tiltak og stimuleringsordningar som legg til rette for at norske fagmiljø skal vinne fram i Horisont 2020.

Kjelde: Meld. St. 7 (2014–2015)

Kunnskapsaktør og FoUI-samarbeidspartnar

USN har over mange år etablert eit nært samarbeid med næringsliv og industri i regionen. Som kunnskapsaktør og FoUI-samarbeidspartnar er USN med i ulike prosjekt som er finansierte av ulike program gjennom til dømes NCE, SFF, VRI, SFI, FME og fleire. Det er også etablert ein del klynger innanfor ulike forretningsområde. Desse er kjelde til prosjektidéar som blir førde vidare i samarbeidsprosjekt mellom industrien og USN.

Regionen rundt USN femner om dei tre teknologimiljøa i Horten, Porsgrunn og Kongsberg, men samarbeidet vårt er ikkje avgrensa til desse byane.

Organisering

Prosjektet ønskjer å etablere ei kompakt arbeidsgruppe der det blir utført arbeid heile tida. Samarbeidspartnarar er sentrale for å sikre kvalitet i og forankring av prosjektet.

Referansepartnarane våre er: